God vaksen for barn

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 26 авг 2024
  • Korleis er vi gode vaksne for barn? Og kva påverkar måten vi møter barn i kvardagen?
    Både medfødde eigenskapar, korleis vi sjølv vart møtt når vi var barn, kva vi har opplevd av spesielle opplevingar i livet og korleis vi no har det i livet vårt - påverkar oss som vaksne for barn.
    Barn treng ikkje vaksne som er perfekte, med vaksne som ønsker å vere gode. Filmen presenterer nokre huskereglar i møte med barn, og introduserer ein serie filmar og medfølgende oppgåver som kan vere nyttige for vaksne som har ansvar for barn i kvardagen sin.
    Filmen er ein av fleire filmar livetogsann.no har laga for å hjelpe vaksne å greie å møte barn på gode måtar når noko er vanskeleg i kvardagen. Filmane er produsert av Livet&Sånn i Ålesund kommune med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom ordninga Program for folkehelsearbeid i kommunane frå Helsedirektoratet.

Комментарии • 1

  • @hildemuren2648
    @hildemuren2648 Год назад

    Takk, filmen er delt med studentar i barnehagelærarutdanninga i Volda.