Noreg i dans og spel: 16. Aust-Agder - Setesdal

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 1 ноя 2022
  • 16. Aust-Agder - Setesdal
    Opptak frå Landskappleiken, Vågå 1996.
    Inga Beth Bø Uppstad og Torleiv Løyland dansar gangar. Bjørgulv Straume spelar munnharpe. Slått: Tveitåen.
    Om dansen
    Gangaren i Setesdal er prega av ein mjukt vippande svikt og mindre tydeleg framdrift enn gangaren i Telemark, og kan dessutan ha meir tretrinnssteg (setesdølane kallar det å tvitrø). Av dei tre hovuddelane utgjer vendingsdelen og lausdansen mesteparten av dansen. Den ørvesle samdansdelen er oftast berre som ein liten overgang mellom dei to. Vendingsdelen er sett saman av fleire motiv med ei- eller tohandstak. Etter vendingsdelen slepper dansarane kvarandre og dansar lausdans kvar for seg, men med aktivt samspel seg imellom. Lausdansen vert avslutta med at guten klappar i hendene, og så svarar jenta med å klappa i sine hender før dei tek saman.
    Særmerkt for setesdalstradisjonen er òg den måten guten utfører godkarsstykkja på, særleg krukinga. Guten kunne velja kva han ville gjera av dansen sin i så måte, anten med mykje godkarstykkje eller nærast utan. Det heitte seg at ein kunne danse på sprekleik eller greileik.
    Setesdalsgangaren vert som andre bygdedansar oftast dansa av fleire par i ein ring på golvet, og då var det vanlegvis partnarbyte. Guten sleppte jenta føre seg i ringen, dansa lausdans og tok saman med jenta som kom bak. I Numedal og Telemark kunne dei òg danse på denne måten, og dei kalla det ofte sleppedans. I Setesdal har dei dessutan ein eigen tradisjon for at eit einskilt par kan kome fram på golvet for å dansa åleine medan andre ser på. Det er gjerne dei beste dansarane som vågar seg til det, og mange gonger fordi dei vert bedne om det. Då kan dansen få eit noko anna preg. "Å danse eisemadde" (eismal=åleine) kallar dei det.
    Det ser ikkje ut til at det har vore dansa springar i Setesdal, men fleire bygder lenger sør i Aust-Agder har hatt springarformer etter gamalt, somme av dei jamvel gangar.
    Om musikken
    Denne slåtten finst i ei mengd variantar over indre Agder og har vore spela av dei fleste spelmennene i Setesdal. Ifølgje Vidar Lande er det ein Frøyraks-slått (Lande 1983:522f). Den eldste nedteikninga skriv seg frå slutten av 1880-åra, då Olaf Frøysaa skrev ned slåtten etter spelmannen Pål O. Frøyrak. Det finst jamvel eit stev til slåtten etter Tor O. Sandnes:
    “Samtu-dei-då, samtu-dei-då
    Kosi liver de no oppå Tveitå?
    Om eg sei det so veit de ‘kje mei då
    Sa ‘o Kari ‘as Lang-Olav Tveitå”
    På munnharpe kan ein berre spele i naturtonar. Munnharpene har sin eigen grunntone, som kan variere frå harpe til harpe. Behovet for å kunne lære slåttar på kurs i samspel har ført til at harpesmedane i dag lagar harper i faste tonehøgder, og harper stemte i g er dei som vanlegvis blir brukte på kursa. Bjørgulv Straume er sjølv munnharpesmed. For dei som vi veta meir om munnharpa er det kvar haust eit munnharpestemne, skipa til av Norsk Munnharpeforum. Slåttar finst utgjevne. (CD Ånon Egeland), (CD Frå ætt til ætt)

Комментарии •