Klassikaren: Nils-Aslak Valkeapää og Vindens veier
HTML-код
- Опубликовано: 5 ноя 2024
- Med Beatrice Reed, Inga H. Undheim og Marta Norheim.
Forfattar, komponist, musikar, joikar og illustratør Nils-Aslak Valkeapää var av nord-samisk ætt og den første samiske forfattaren som mottok Nordisk råds litteraturpris for Solen, min far (Beaivi, áhčážan), i 1991. Valkeapää var ein pioner også ved å gjere joiken kjend i offentlegheita - og meir anerkjent. I 1985 gav han ut dikttrilogien Vindens veier (Ruokto váimmus) som bygger på tre diktutgivingar frå 1974, 1976 og 1981. I år er det 50 år sidan første diktsamling i denne trilogien kom ut, og vi markerer det med ein samtale om ein samisk forfattar som plasserer seg tydeleg og stødig innanfor den litterære kanonen.
Høyr Beatrice Reed og Inga H. Undheim, begge tilsett ved Høgskulen på Vestlandet, og litteraturkritikar Marta Norheim diskutere den svært mangslungne kunstnaren Valkeapää generelt og det klassiske verket Vindens veier spesielt.