United fotballskule med McIlroy og Martin
HTML-код
- Опубликовано: 14 ноя 2024
- Dei tidlegare Manchester United-spelarane Sammy McIlroy og Lee Martin var førre helg på Sunnmøre.
Etter å ha sett Bergsøy mot Hovdebygda i Fosnavåg fredag kveld var det tid for å gjere seg klar til fotballskule.
Her var det over 50 barn frå 8-11 års alderen som fekk trene i lag med to spelarar som har vore med på store ting.
Sportsheim retter ein spesiell takk til Anders Helsem Hoff for å hjelpe til med å sette opp programmet for fotballskulen.
I tillegg rettast det ein stor takk til alle trenarar som kom for å hjelpe til.
Dette hadde ikkje vore mogleg utan hovudsponsorane Sparebanken Møre og Sjømatkompaniet i tillegg til sponsorane Aider, Smådal Mekaniske, Leinebris og R-Ship AS som ser verdien av dette samfunnsnyttige tiltaket i lokalmiljøet som mange fekk glede av.
Takk også til Moen Mat, Thon Hotel Ålesund for sponsing av rom i Ålesund, Intersport, Rongve, Bergsøy Fotball, den skandinaviske supporterklubben til Manchester United og den irske puben O’Connors i Ålesund for sine avgjerande bidrag.