Peder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar Aasen

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 5 мар 2024
  • Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.
    Det har han halde fram med, for no er Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, eit verv han har hatt i fire år. På landsmøtet til Mållaget i april tar han attval til leiarvervet, og i denne episoden av Språkoppdraget får han snakke om det han er aller mest opptatt av, nemleg nynorsk. Vi snakkar om nynorsk i medvind og nynorsk i motvind; om kva det er som gjer at medlemmane strøymer til Noregs Mållag for tida, kva Noregs Mållag eigentleg driv med, kvifor digitalisering er ei utfordring for nynorskopplæringa, kva det har å seie for nynorsken at Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, og om mållagsleiaren får mykje kjeft for språkføringa si når han frontar nynorsken i media.
    Vi får også ein snikkikk inn i kulissane på sjølve nobelprisutdelinga i Stockholm i desember, for mållagsleiaren er ein av dei heldige som faktisk var til stades då Jon Fosse fekk prisen. Peder avslører også kor mykje han gler seg til premieren på Spynorsk - the musikal, og om kor oppglødd han var då han såg Frost frå rad 1 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Og så diskuterer vi sjølvsagt kva som er dei fremste superhelteigenskapane til Ivar Aasen.
    🎥 • Podkast 🎧
    🍎 podcasts.apple.com/no/podcast...
    🎧 open.spotify.com/episode/2zYn...
  • РазвлеченияРазвлечения

Комментарии •