Frank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar Aasen | Språkoppdraget Podkast

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 1 окт 2024
  • Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt og andre kjente songar, men lærer seg melodiane til Ingrid Bjørnov utanåt i løpet av ein føremiddag.
    I Språkoppdraget fortel Frank også om norsklæraren som fekk han til å innsjå at han faktisk kunne og måtte bli skodespelar, om stemmebrukslæraren som lærte han å bruke stemma si rett, og om kvifor han bytte ut ordet innleving med oppleving og fekk det mykje betre som skodespelar. Vi får eit lynkurs i dialektovergang og lærer om korleis Frank ser an eit rom og tilpassar stemma si etter det.
    Den språkmedvitne skodespelaren snakkar også om korleis det er å følgje språkutviklinga til dei to 3-åringane han er pappa til, og han fortel om skriveprosessen han er midt i, og likskapane mellom å skrive roman og lage teater. Stikkordet er oppleving. Vi håpar og trur at denne episoden av Språkoppdraget skal vekkje åtgaum hos lyttarane våre.

Комментарии •