Webinar: Digitale ressursar og didaktiske idear

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 1 ноя 2024
  • Norsk skole er digitalisert, og lærarar brukar digitale ressursar i planlegging og gjennomføring av undervisning. Nokre digitale ressursar er laga med skulen som siktemål og det ligg pedagogiske og didaktiske idear til grunn for utviklinga av ressursen. Andre gonger er det læraren som er innovativ og tek i bruk verktøy og ressursar som ikkje primært er utvikla for skulen, og som då tek eit i større ansvar for dei pedagogiske og didaktiske ideane og kontekstualiseringa sjølv.
    I dette webinaret stiller vi spørsmål som: Korleis er dei digitale ressursane ein del av læraren sin didaktiske praksis? Er det læraren eller verktøya som styrer den didaktiske praksisen? Korleis tenker dei som utvikler ressursane at dei skal fungere i undervisingspraksisen til den enkelte læraren? Kan digitale ressursar bli så gode at læraren kan "lene seg tilbake og trykke play"?
    For å kaste lys over desse spørsmåla har vi invitert to personar frå praksisfeltet og to forskarar til FIKS-webinar om digitale ressursar og didaktiske idear.
    Forskarane som deltek, utviklar dei digitale ressursane Samtavla og Viten.no. Dei vil fortelje om dei pedagogiske og didaktiske ideane bak desse ressursane. Praktikarane som deltek, har lang erfaring med bruk av digitale ressursar i skulen.

Комментарии •