Frå stokkebåt til hardangerjakt. Båtutvikling og terminologi gjennom 2000 år

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 10 сен 2024
  • Frå stokkebåt til hardangerjakt. Båtutvikling og terminologi gjennom 2000 år. Føredrag ved Folgefonnsenteret / Geopark Sunnhordland 4. mai 2024.
    Kunngjering før føredraget: I dette føredraget kan du følgja utviklinga av nordiske og vestnorske båtar frå skinn- og stokkbåtar i steinalderen, via vikingskipa, til hardangerjaktene på 1800-talet. Fokus vert på teknisk utvikling og terminologi sett i samanheng. Mykje av tankegangen på dei like utviklingsstega kjem til syne i terminologi som er overlevert fram til i dag. Naglane vi klinkar borda saman med, blir kalla saum, som er eit minne frå den tida borda vart sydde saman. Kjøl heng i hop med kjelke. Stamn heng i hop med stuv, stubbe og stamme. Delar av båten blir samanlikna med kroppsdelar - for å nemne nokre døme. I dei lokale småbåttradisjonane har den eldste terminologien i stor grad overlevd, medan vi i seglskutetradisjonen finn stor påverknad frå lågtysk, nederlandsk og engelsk i seinmellomalderen og seinare. Føredraget vert rikt illustrert.
    Eldar Heide er norrønfilolog og professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han forskar m.a. på gammalnordiske skipstypar og nordiske tradisjonsbåtar frå seinare tid.

Комментарии •