Forstå barnet (mentalisering)

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 26 авг 2024
  • Vi menneske er laga for å fungere i flokk og vi har ulike funksjoner i oss som gjer det mogleg å forstå andre og dermed kunne knytte oss til kvarandre.
    Men vi klarer ikkje alltid å tolke rett, og måten vi tolkar andre, påverkar korleis vi møter dei. Denne filmen handler om korleis vi kan forsøke å sjå noko frå barnet sin ståstad, og dermed betre kunne møte dei med det dei treng for å fungere godt.
    Filmen er ein av fleire filmar livetogsann.no har laga for å hjelpe vaksne å greie å møte barn på gode måtar når noko er vanskeleg i kvardagen. Filmane er produsert av Livet&Sånn i Ålesund kommune med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom ordninga Program for folkehelsearbeid i kommunane frå Helsedirektoratet.

Комментарии •