Fjellsmaken | Lom bryggeri
HTML-код
- Опубликовано: 4 фев 2025
- Den fyrste «Fjellsmaken» er servert! Lokalt brygg frå Lom bryggeri er smaksetjar i ein fargerik og smakfull rett - som du som kan teste ut heime!
Vi er stolte av å presentere vår nye mini-serie om matkulturen i Jotunheimen. I Fjellsmaken får du innsikt i heile verdikjeda frå lokal jord til lokale bord. Mari Arnøygard Wedum i Visit Jotunheimen er ute i felt for å lære mest mogleg om lokale råvarer, og tek desse med til meisterkokk Arne Brimi - som tilbereder ein rett der den enkelte råvara får spele hovudrolla.
I denne episoda får du innblikk i råvaresankinga og korleis øl-produksjonen går føre seg på Lom bryggeri, innan Arne Brimi nyttar brygget som smaksetjar i ein fargerik rett basert på lokale grønsaker frå Aukrust gard og urteri, og svin frå Grjotheim gardsmat.
***
Oppskrift på Svineside i gryte - smakssett med lokalt øl:
***
Du treng:
Svineside
Smør
Øl
Gule beter
Sellerirot
Lauk
Sjarlottlauk
Krydder (som t.d. steinsopp, kvann og salt)
Slik gjer du:
1. Lag bruna smør i ei gryte
2. Legg svinesida med feittet ned og brun sidane før du slår over øl
3. Krydre med salt, kvann og steinsoppulver. La stå 30-40 minutt på middels varme
4. Tilsett grove bitar av gulrot, gule beter, sellerirot, lauk og sjarlottlaul. Sett på varmen til grønsakene er møre.
-------
Serien er produsert av Visit Jotunheimen og FrysFilm i samarbeid med Arne Brimi. Musikk av Bjørn Kåre Odde.
Serien er støttet av Innlandet fylkeskommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk.
Visit Jotunheimen 2023-2024
Inspirerende! Gleder til å komme til fjells 😄
Virkelig vakker 👌
Tusen takk! :) Velkommen til fjells