Hendinga: 9. april

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 7 сен 2024
  • Det tyske lynangrepet på Noreg den 9. april 1940 var det første integrerte luft-, sjø- og landangrepet under éin kommando i historia, men ikkje alt gjekk etter planen. Senkinga av kryssaren Blücher ved Oscarsborg gjorde at kong Haakon og regjeringa slapp unna, noko som fekk store konsekvensar for Noreg under okkupasjonsåra. Etter krigen sa ein «aldri meir 9. april», og for forsvaret har konsekvensane halde fram heilt opp til vår eiga tid. Forfattar Alf R. Jacobsen, professor i statsvitskap Janne Haaland Matlary og professor i historie Ole Kristian Grimnes diskuterer hendinga som førte den andre verdskrigen til Noreg, i samtale med historikar og direktør for HL-senteret Guri Hjeltnes.
    Den dramatiske protokollen frå Oscarsborg festning, natta og morgonen den 9. april kan du sjå her (via Riksarkivet): media.digitala...
    Under vignetten «Hendinga» går Nasjonalbiblioteket inn i storhendingar i noregshistoria. Kva slags ringverknader skapte dei, og kvifor held nokre hendingar fram med å verke langt utover si tid?

Комментарии •