Wittgenstein i Skjolden

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 31 июл 2024
  • ⬇️ Scroll down for description and chapters in English ⬇️
    Ludwig Josef Johann Wittgenstein var ein austerriksk filosof som delar av livet sitt budde i Norge og i Skjolden der han skreiv på fleire av dei filosofiske verki sine. Tractatus Logico-Philosophicus (Det logisk-filosofiske), var det einaste verket hans som kom ut medan han levde. Wittgenstein var oppteken av tilhøvet mellom utsegn, meining og røynd - det verkelege og eigentlege på ulike område og plan. Berre med å ha grensene og det utilstrekkelege i språket klart for seg, kan ein håpe på å nærma seg ei meiningsfylt erkjenning. Andre kjente verk: Philosophische Unter-suchungen (Filosofiske undersøkingar), Philosophische Bemerkungen (Filosofiske merknader) samt On Certainty (Om vissheit).
    Ludwig Josef Johann Wittgenstein vart fødd 26. april 1889 i Wien i Østerrike-Ungarn, og døydde 29. april 1951 i Cambridge i England. Han var ein østerriksk-britisk filosof, hovedsakleg kjent for sitt arbeid i logikk, matematisk filosofi, sinnsfilosofi og språkfilosofi. Han hadde først og fremst sitt virke ved universitetet i Cambridge som ligg omkring 80 km nord for London. Han hadde flere korte og lengre opphold i Norge, det første i 1913. Han fekk sett opp eit hus på ei fjellhylle i Skjolden i Luster kommmune der han utvikla delar av sitt forfattarskap. Wittgenstein hadde seks kortare og lengre opphold i Norge mellom 1913 og 1950. Første gongen var eit ferieopphald i Hardanger. Etter opphaldet i Øystese byrja tanken om å bu i eksil i Norge for å få arbeidsro, å modne hos Wittgenstein, og allereie i oktober 1913 var han på veg til Skjolden i innerst i Lustrafjorden i Sogn. Grunnen til at han valde denne staden var at han hadde retta ein førespørsel til den østerrikske konsulen i Bergen, Jakob Valentin Kroepelien jr., om å finna ein stille og roleg plass der han kunne få arbeidsro. Kroepelien vende seg til Halvard Drægni som dreiv saftfabrikken i Skjolden. Her fekk Wittgenstein bu i huset til Halvard Drægni si syster Sofia Klingenberg.
    Allereie våren 1914 sette Wittgenstein gang arbeidet med å få byggja seg eit hus i Skjolden på ei berghylle ved nordenden av Eidsvatnet. Wittgenstein sitt hus var eit tømmerhus og i 1957 vart det flytta til Bolstad på Skjolden.
    Stiftinga Wittgenstein i Skjolden starta opp sitt arbeid i 2014 med eitt av føremåla å føra huset attende til opprinneleg tomt. Dette arbeidet var ferdig i juni 2019. I 2021 vart huset freda av Riksantikvaren. Den 24. august 2018 vart eit Wittgenstein-monument avduka i Luster kommune, eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre kunstnarane Sebastian Makonnen Kjølaas, Marianne Bredesen og Siri Hjorth. Monumentet, som er plassert på Vassbakken, er inspirert av Wittgenstein sin filosofi og har form av ein håndmunn laga i tre ved Handverksskulen på Hjerleid. Treskjæreren Njål Andreassen brukte 25 trær til den 7 meter og 6 tonn tunge handa.
    Internasjonale Wittgensteinseminar har vorte arrangerte i Sarajevo, men etter krigen i Bosnia-Hercegovina vart desse seminara flytte til Marifjøra, Luster. Seinare har det også vorte arrangert lokale og nasjonale seminar både i Solvorn og på Skjolden.
    0:00 Kven var Ludwig Wittgenstein? - ein introduksjon
    0:53 Definisjon av filosofi
    1:42 Livet før Skjolden
    3:25 Kvifor bu i Skjolden?
    4:00 Ludwig Wittgenstein sitt forhold til Bertrand Russell
    4:14 Er eg idiot?
    6:07 Først til Hardanger
    6:30 Bergen og Kroepelien
    7:05 Klingenberghuset
    7:22 Wittgenstein og skjoldingane
    9:37 Eg kan ikkje arbeida nokon plass som her
    11:01 Sofia Drægni Klingenberg
    12:01 Anna Rebni på Eide gard
    13:12 Det blå rommet
    14:00 Arne Drægni
    14:44 Me trudde no han var ein tulling
    16:09 Fritjof Holme om vegsprenging
    16:43 Korleis blir han hugsa?
    17:38 Sakarias Bolstad uroa Wittgenstein
    18:13 Arne Bolstad om å vera presis
    20:27 Wittgenstein-huset med Arlen Synnøve Bidne
    23:38 Markering av fredinga 13-05-2022
    29:13 Framtidsperspektivet
    32:10 Ludwig Wittgenstein og kunstig intelligens
    Video chapters
    0:00 Who was Ludwig Wittgenstein?
    0:53 Definition of philosophy
    1:42 Life before Skjolden
    3:25 Why live in Skjolden?
    4:00 Ludwig Wittgenstein’s relation to Bertrand Russell
    4:14 Am I an idiot?
    6:07 First to Hardanger
    6:30 Bergen and Kroepelien
    7:05 The Klingenberg house
    7:22 Wittgenstein and the people of Skjolden
    9:37 I can't work anywhere like here
    11:01 Sofia Drægni Klingenberg
    12:01 Anna Rebni at Eide farm
    13:12 The Blue room
    14:00 Arne Drægni
    14:44 We thought he was a fool
    16:09 Fritjof Holme about noisy road construction
    16:43 How will he be remembered?
    17:38 Sakarias Bolstad was disturbing Wittgenstein
    18:13 Arne Bolstad about being punctual
    20:27 Arlen Synnøve Bidne talks about the Wittgenstein house
    23:38 Conservation of the Wittgenstein house 13-05-2022
    29:13 Arlen Synnøve Bidne and Knut Olav Åmås about the future perspective and future use of the Wittgenstein house
    32:10 ChatGPT about Ludwig Wittgenstein - How has Wittgenstein's basic research contributed to today's development of artificial intelligence?

Комментарии •