Stiftsmøte - Bjørgvin bispedøme 2020
HTML-код
- Опубликовано: 10 фев 2025
- Stiftsmøtet/Fagdag for prestane var i år digitalt. Møtet var også ope for diakonar, kateketar, kyrkjelydspedagogar, kyrkjeverjer og andre interesserte. Møtet vart i år sendt frå studio i St.Jakob kirke i Bergen onsdag 10. juni kl. 09:30 - 12.
Møtet vart leia av biskop Halvor Nordhaug. Ein av gjestene var preses Olav Fykse Tveit som snakka om dagens tema "Å vere kykje i ei ny tid".
Å vera kyrkje for ein ny generasjon var også ein del av tema for ein samtale med ungdomsprest i St.Jakob Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg og konfirmantleder i Haukås og medarbeidar i St.Jakob Susanne Feste Ingebrigtsen. I tillegg var det andre gjester og kulturelle innslag.
Møtet var opphaveleg planlagt arrangert som fagdagar for prestane og skulle haldast over to dagar i Ulvik.
Møtet vart direktesendt med høve til å gje tilbakemelding til biskopen og preses.