Fjellsmaken | Rein frå Jotunheimen 🦌

Поделиться
HTML-код
  • Опубликовано: 28 дек 2024
  • Ursmaken av Jotunheimen 🫎 | Fjellsmaken er servert!
    Det betyr enormt mykje å ha tilgang på lokal og stuttreist mat, frå dyr som har hatt det bra, seier Silje Vole på Juvasshytta.
    Ursmaken av Jotunheimen er jo reinskjøt!
    I Lom og Jotunheimen er vi stolte av stuttreiste råvarer og ein matkultur som er sterk lokalt forankra gjennom generasjonar. I miniserien Fjellsmaken løfter vi fram nokre av dei viktigaste råvarene, og tek deg med på ei lærerik og smakfull reise - frå lokal jord til lokalt bord.
    I denne episoda kjem vi tett på reinsdyra som beiter høgt til fjells i Jotunheimen. Vi er med tamreinlaga i Lom og Vågå på innsamling av tamrein på vinterbeite - ein kald, klar og vakker desemberdag. Med Arne Brimi på laget - blir Jotunheimen si kanskje edlaste råvare nytta med respekt og drevent handlag, når han bringer fram den råaste fjellsmaken frå utekjøkenet sitt på Vianvang.
    🤎
    🎥: Serien er produsert av Visit Jotunheimen i tett samarbeid med Frys Film. Musikk av Bjørn Kåre Odde. Serien er støttet av Innlandet fylkeskommune, Sparebank 1 Lom og Skjåk og Rein frå Jotunheimen. Opptak i desember 2023 og september 2024.

Комментарии •