Gåta Rødven stavkyrkje EP. 2
HTML-код
- Опубликовано: 5 окт 2024
- I denne episoden møter du arkitekturhistorikar Linn Willetts Borgen, som trekk fram dei mange historiske laga stavkyrkja består av, som gjer ho både vanskeleg og spennande å undersøkje.
Blant dei 28 bevarte stavkyrkjene er Rødven stavkyrkje ein av dei vi har minst kunnskap om. Ho bærer framleis på mange uløyste gåter; Kor gamal er kyrkja? Kvifor blei ho plassert der ho ligg? Kvifor har ho utvendige støttar? Korleis såg ho ut i mellomalderen, og korleis har ho endra seg fram til i dag?
No arbeider ei større tverrfagleg forskargruppe for å finne svar på mange av desse spørsmåla. Arbeidet skal lede fram til ein ny bok om stavkyrkja.
Gjennom ein serie filmar vil forskarane fortelje om spørsmåla dei grublar på, for å belyse bygget og utsmykkinga frå ulike vinklar.
Rødven stavkyrkje har vore eigd av Fortidsminneforeininga sidan 1907. I sommar kan du besøkje kyrkja og det storslegne landskapet ho er en del av. Les meir på nettsida vår: fortidsminnefo...
MED STØTTE AV: @Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylkeskommune
🎥 Film/redigering: Thomas Dahle